Røde Kors inviterer alle innbyggjarar i Hordaland på fyrstehjelpskurs
– held 100 gratis kurs i løpet av ei veke!
8.mai er Røde Kors-dagen, og i år vil me har ekstra fokus på personleg beredskap. Ein av dei enklaste og mest effektive måtane å auke sin eigen beredskap på, er å ha oppdaterte fyrstehjelpskunnskapar.
Difor inviterer lokalforeiningane i Røde Kors i Hordaland til 100 heilt gratis fyrstehjelpskurs! Nettsida www.100kurs.no vert lansert i dag, og påmeldinga er med det starta! Kursa er for privatpersonar som ynskjer å vere betre rusta i ein uønskt situasjon, og ein kan allereie no melde seg på.
– Mange av oss vil i løpet av livet komme opp i ein situasjon der me treng fyrstehjelpskunnskapar. Det kan vere større og mindre ulukker, akutt sjukdom, større beredskapshendingar eller andre ting. Nordmenn flest er flinke til å hjelpe i slike situasjonar, men forskinga viser at dei som nyleg har teke fyrstehjelpskurs, gjer det langt betre enn dei som ikkje har det. Ei undersøking Røde Kors har gjort viser at under halvparten av oss har teke eit fyrstehjelpskurs i løpet av dei to siste åra, seier distriktsstyreleiar i Hordaland Røde Kors, Nirmathan Tharmalingam.
Fyrstehjelpskunnskap er ferskvare, og kan bety forskjellen på liv og død når ulukka rammar.
Røde Kors skal halde kurs frå Nordhordland til Etne, og frå Bømlo til Eidfjord, så alle hordalendingar skal ha moglegheita til å finne eit kurs nær seg. Kursa er på 3 timar og gir kunnskapar i livreddande fyrstehjelp med pasientundersøking, frie luftvegar, sideleie og hjarte- lungeredning. Ein får kursbevis for bestått kurs. Det vil vere kurs fleire stadar i Hordaland kvar dag mellom 2. og 11.mai.
Ved å gå inn på www.100kurs.no kan ein sjå kvar og når kursa skal vere – og melde seg på det som passar best. Her er det fyrstemann til mølla som gjeld!
Fana Røde Kors vil avholde førstehjelpkurs på følgende tid:
dato: 02.05, 03.05 og 04.05
kl.: 18:00
Varighet: 3 timer
Sted: Røde Kors huset til Fana Røde Kors (Jacob Kjødes veg 9, 5232 Paradis)